Kroppen kommuniserer

Artikkel

16.04.2024

Tekst: Marianne Clementine Håheim, ROS


Kjersti Hognes Berg er psykomotorisk fysioterapeut og doktorgradsstipendiat. Psykomotorisk fysioterapi er ei grein av fysioterapien, og ei vidare-utdanning ein kan ta som fysioterapeut. Psykomotoriske fysioterapeutar jobbar både i primær- og spesialisthelsetenesta, og tar imot personar som har kroppslege symptom – for eksempel smerte, vanskar med pusten, eller ei kjensle av å vere nomen – mange i tillegg til å ha ein depresjon, ei spiseforstyrring eller anna psykisk liding.  

– Vårt grunnleggande utgangspunkt er å sjå på kroppen og symptoma som veldig tett vevd saman med kva situasjon mennesket står i, forklarer Kjersti.  

– Kroppen kommuniserer – nokon kallar det at kroppen er eit uttrykksfelt. Det kan vere at belastningar eller traume har blitt for mykje for kroppen å tole. Då spenner han seg, og mobiliserer for å tole livet. Vi er skapt for å tole belastning, men også for at belastninga skal avta, så vi får kvile og restitusjon. Å stå i belastning lenge gjer noko med musklar, vev og så vidare.  

I møte med ein klient vil ein psykomotorisk fysioterapeut gjerne sjå på korleis personen står, korleis dei vanemessige mønstra og pusten er. Vidare spør dei gjerne kva personen legg merke til, kva dei kan kjenne, og kva ord dei har på det, fortel Kjersti.  

– Vi arbeider mykje både gjennom samtale, rørsle og berøring, for å utforske om det går an å leggje betre merke til kroppen. Behandlinga kan handle om å bli kvitt smerter, få betre funksjon, sove betre, eller å forstå seg sjølv betre. Det dreier seg om kroppen, men også om å få eit språk for kva som skjer i kroppen, og om sjølvomsorg. 

Etter å ha jobba i mange år på Regionalt kompetansesenter for spiseforstyrrelser (RKSF) i Midt-Noreg, hadde Kjersti fått ei spesiell interesse for overspisingsliding, og syntest det var synd at denne delen av feltet fekk så lite merksemd. Dette førte til at ho, saman med førsteamanuensis Trine Tetlie Eik-Nes, søkte om eit prosjekt for å kunne utvikle ei behandling for lidinga. Behandlinga, som i si tid starta opp på DPS Stjørdal, er ein ti vekers gruppeterapi i form av eit psykoedukasjonsprogram. I tillegg starta Kjersti ei kroppsorientert gruppe, og søkte midlar til ein doktorgrad for å kunne forske meir på kroppsbilete. Doktorgradsarbeidet hennar, som er finansiert av Norske Kvinners Sanitetsforening, dreier seg om å systematisk kartleggje og forske på kva rolle kroppsbilete spelar for personar med overspisingsliding.  

– I behandling er det ofte den store kroppen som blir fokus, og personar med overspisingsliding får eit tilbod knytt til kost, trening og fedmeoperasjon. Det er tragisk, seier ho.  

– Trine og eg ville samarbeide for å synleggjere ei spiseforstyrring som for mange ikkje er oppdaga eller adressert. Vi prøver å påverke feltet gjennom å påverke dei som driv med vektbehandling.    

Gruppeterapien, som har fått namnet People Need People, tek utgangspunkt i at stigma, skam, tilknyting og relasjonar er viktige både for å forstå kvifor spiseforstyrringa utvikla seg, men også for å finne ein veg ut. Kjersti sitt doktorgradsarbeid har tittelen «Vekten av skam», og er tredelt. I første del har ho intervjua personar om deira erfaring med å delta i gruppeterapien, samt om tidlegare erfaringar med behandling.    

–  Vi erfarer at dei som kjem hit, har tenkt om seg sjølve at dei berre ikkje «får det til», altså å slanke seg, fortel ho.  

– Det har blitt internalisert som ein tanke om at ein er mislukka, eller at det er noko gale med ein som ikkje «får til» dette med mat, som er så basalt. 

 Den andre delen av arbeidet er ein analyse av kva deltakarane seier, og korleis dei skildrar det å ha eller vere ein kropp, med særleg fokus på skam og stigma. I den siste delen skal deltakarane bruke fargar og materiale, ulike kreative uttrykk for å skildre eller formidle forholdet til kroppen sin. Dette er ein metode som er mykje brukt i møte med ulike tematikkar der forholdet mellom erfaring og språk kjem på spissen.  

–  Det er eit problem i forskinga: kor tett kjem vi på erfaringa når vi skal snakke om henne? Særleg når erfaringa er vanskeleg å få tak på, eller språket ein har tilgjengeleg, er lada med verdi, skam og stigma, reflekterer Kjersti. 

Så langt har ho publisert éin artikkel i doktorgradsarbeidet, og fortel at hovudfunnet er kor gjennomgåande underlegne deltakarane opplever seg, fordi kroppane deira er som dei er. 

– Alle fortel at personar dei skulle ha vore trygge på, gjennom livet har kritisert kroppane deira og sagt at dei må endre seg. Det er så hardt, det utgangspunktet. Kroppen er det vi har for å leve, så når han heile tida blir devaluert, korleis skal ein skape seg eit liv? For dei som kjem til behandling hos oss, har det starta tidleg, og dei har fått utruleg lite støtte. Dei kjenner seg avvist, og møter verda med ei kjensle av å vere annanrangs. Det overraskar meg ikkje, men det går inn på meg å høyre korleis dette gjennomsyrer alt, fortel Kjersti. 

Dei fleste har høyrt det etablerte omgrepet «kroppsbilete», som på eit vis er sjølvbeskrivande: det dreier seg om det indre biletet av kroppen vår, av kroppen sin storleik, utstrekning og form. Så er det dei tankane og kjenslene dette indre biletet vekkjer.  

– I allmennspråket snakkar vi om eit godt eller dårleg kroppsbilete, og det tenkjer eg er litt rart, seier Kjersti. 

– Eit kroppsbilete har vi uansett. Viss ein opplever at det er dårleg, er det over i det vi kallar kroppsmisnøye. Kroppsmisnøye heng saman med at vi begynner å sjå oss sjølve utanfrå og samanlikne oss. Dette kan variere i grad frå at ein er litt misnøgd med noko ved kroppen, men nøgd med noko anna, til ei oppleving av at alt med kroppen er «feil» og vekkjer veldig negative kjensler og skam. Eg meiner kroppsmisnøye er eit folkehelseproblem i vår kultur. Det er veldig sterke krefter som tenar på det, og det tar fokus vekk frå det å vere politisk aktiv, engasjere seg i hobbyar, bry seg om andre og så vidare. Vi brukar opp tida vår.  

Det å ikkje like kroppen sin, er veldig allment og menneskeleg, meiner Kjersti. Alle kulturar har verdiar knytt til det ytre, og vi kan bli misnøgde med delar av kroppen fordi vi samanliknar oss med eit ideal. Dette meiner ho er eit problem for oss alle, fordi det tek fokus vekk frå å oppleve meining og utrette ting, men at ein kan leve greitt med litt kroppsmisnøye dersom det ikkje tek for stor plass.  

For andre kan derimot kroppsmisnøye bli eit stort problem. 

– Viss vi kjenner oss trygge på at vi kan ta vare på oss sjølve og forstå kva kroppen seier, eller på at vi er verdifulle uansett korleis kroppen ser ut, då kan vi tole kroppsmisnøye og kroppspress. Viss det ikkje er så stødig, så tenkjer eg at ein er meir utsett. Det er veldig tilgjengeleg å ta kontroll på kroppen. 

Korleis kan ein så jobbe med kroppsbiletet sitt? Ifølge Kjersti må ein først og fremst spørje seg sjølv kva det er ein vil at skal bli annleis. Vil eg at tankane og kjenslene om kroppen skal ta mindre plass? Vil eg delta meir? Like kroppen min betre? Slutte å forakte eller hate kroppen? Bli snillare med kroppen, respektere behova mine?  

– Eg trur at mange har eit ønske om å like kroppen sin betre, men vanskar med å sleppe tanken om at kroppen først må endre seg, seier ho.  

– Det er fint å like kroppen sin, men det er mange andre ting det er lurt å jobbe med først, så kjem kanskje det andre etter kvart. Ein pasient sa til meg: «Eg trudde eg skulle lære å like kroppen min av å jobbe med deg! Eg likar han framleis ikkje, men eg har lært å lytte til han og respektere han, og det har gjort at livet mitt er mykje betre.»  

Vidare fortel Kjersti at ein må ta inn over seg at dette arbeidet er vanskeleg å gjere åleine, og at det kan vere faktorar i omgjevnadene som både kan støtte og truge eit prosjekt med å betre kroppsbiletet.  

– Tenk over: I kva relasjonar er det kroppsmisnøyen eller kroppsbileteproblematikken blomstrar? Når er det eg kjenner at det kan få litt mindre tak? Kanskje må ein sette litt grenser, ha mindre kontakt med visse personar eller søke meir nærleik til andre personar. Ein må finne ut kvar motkreftene er. Og kanskje må ein gjere noko med feeden sin på sosiale media, legg ho til.  

– Viss ein skal begynne å jobbe med kroppsbiletet, må ein senke tempoet og bli nysgjerrig innover. Viss eg berre er i ro med meg sjølv, kva merkar eg då? Det høyrest sjølvsagt ut, men eg ser at mange som strevar med dette, også strevar med å merke seg sjølv. Dei blir overvelda og får lyst til å over-ete, slutte å ete eller kaste opp, for eksempel. Ein må øve på å vere roleg med seg sjølv lenge nok til å kunne kjenne kva som skjer på innsida. Det er ofte då ein oppsøker ein terapeut, anten ein psykomotorisk fysioterapeut, psykolog eller andre gode samtalepartnarar. Saman kan ein prøve å finne måtar å regulere kjenslene sine på anna enn gjennom symptom. 

Foreldre og føresette lurer ofte på korleis dei kan støtte borna sine i å utvikle eit godt forhold til mat og kropp. Då må ein først vere eit førebilete, seier Kjersti. Ho rådar til å la vere å snakke om kor nøgd eller misnøgd ein er med kroppen sin, og å vektleggje andre kvalitetar enn korleis kroppen ser ut. 

– Ting nummer éin er å bli merksam på korleis ein snakkar om mat og kropp i familien. Så er det å vere nysgjerrig på barnet sitt indre liv. Viss barnet fortel at det har vondt i magen, ver nysgjerrig på kva det er som skjer, heller enn å gå over i handling. Hjelp barnet å finne orda, og gje moglegheit til å sette grenser. Ver den som støttar opp om å bruke informasjon frå kroppen til å ta vare på seg sjølv.  

Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve, kvar kjem dei kreftene frå?  

– Spirene er jo inni oss. Det er ikkje ein terapi som plantar dei der, dei finst i oss allereie. 

Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.
I første halvår av 2023 fikk over 500 norske barn (over 12 år) utskrevet slankesprøyter.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
3. mai 2024
Webinar
Webinar: Pårørenderollen
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.