Kroppen – eit meiningssystem

Artikkel

Tekst: Cathrine Nitter.

Eit meiningssystem, metta med symbolikk. Den fortel mykje om kven eg er og korleis eg har det.
Når eg har det bra tar eg vare på den, gir den kjærleik og omsorg. Då gir eg den mat når den er svolten, kvilar når den er sliten.
Om morgonen tar eg litt sminke i ansiktet, kler på klede som eg likar, og børstar håret. Eg ser meg i spegelen, går ut og gløymer den for ei stund. Eg er ikkje kroppen heile tida bevisst.

Psykisk uhelse og liding kan manifestere seg kroppsleg, gje kroppslege uttrykk i begge ender av skalaen. Frå å vera den bevisst heile tida til å ikkje vera den bevisst i det heile.

For nokon manifesterer dette seg gjennom rigiditet. Kroppstanken slepp aldri, og den indre dommaren i hovudet har tatt kontrollen. Kropp vert ein metode, ein måte å meistre vanskelege tankar og kjensler på.

Eller kanskje har den slutta å få fokus. Korleis eg synar meg for andre, presenterer meg sjølv i verda, har mista betydning. Hygienen skortar. Det er rett og slett ikkje plass til å tenkje på den.

Felles er at eg har slutta å lytte til den. Kroppens behov og ynskjer forsvinn i eit kaos av tankar. Destruktive tankar.

Livets fasar og overgangar

Livet inneberer milepålar. Vi skal gjennom eit sett med ulike fasar, identitetsreiser. Dette kan gi ulike kroppslege uttrykk – manifestere seg ulikt.

Inga tid i livet var prega av så mange fysiske, psykiske og sosiale endringar som i ungdomsåra. Kroppen forandra seg. Frå å vera barnleg, hårlaus og med ein kropp av lita betydning vaks eg opp til å verta eit seksuelt menneske som skulle finne ut kven eg var og kva eg skulle gjere med livet mitt. Sinnet forandra seg. Eg gråt plutseleg over dei minste ting, trudde eg visste betre enn dei fleste. Foreldre var utdatert, kjedeleg. Verda var svart-kvit, unyansert. Om ti år kom eg til å vera akkurat som den teite mora mi, og eg skulle verta audmjuk for verdas mange nyansar. Eg berre visste det ikkje enda.

Då eg var yngre vart eg kroppen bevisst då eg datt på asfalten og slo hol i huda. Eller då eg ikkje klarte å henga med på fotballbana. Som barn reflekterte eg ikkje over min eksistens, mi meining med livet. I tenåra kom livets store spørsmål smygande, akkompagnert med usikkerheit og låg sjølvkjensle. Vener vart kart og kompass. Kva som var normalt i forhold til gutar, sex og alkohol var det jamgamle som fortalde. Om dei vaksne i det heile tatt bevega seg inn på dei tema lukka eg øyro. Det var middelalderkunnskap. Dei vaksne visste ikkje kva dei snakka om. Korleis det var å vera ung på 2000-talet.

Frå å nærast vera eit reiskap, ei innpakning som forflytta sinnet frå A til B, vart kropp eit prosjekt. Offer for sterke, negative tankar. Noko som måtte gjerast noko med. Somme dagar var det alt eg tenkte på. Kroppsleg evaluering vart livets verdibarometer. Vanskelege tankar og kjensler fekk kroppslege løysingar. Må berre verte litt meir sånn. Og litt sånn. Då skulle eg bli meir tilfreds.

Lukke vart målt i tal, og tal vart eit overordna mål.

Tida gjekk og verda fekk andre fargar, fleire nyansar. Livets lærdom og visdom manifesterte seg i grått hår, rynker. Kroppen kjentes treigare. Vart fortare sliten. Klarte ikkje lengre å springe mellom vener, jobb og trening. Måtte vera meir selektiv. Ha litt fleire pausar. Fleire eg kjende fekk kroniske sjukdomar, helseplager. Nokon døydde. Den eldre generasjonen vart gamal og trengde pleie og omsorg. Inkludert mine foreldre.

Helsa kom slengande i fleisen, og eg vart minna om at livet på jorda er avgrensa. At eg er avgrensa. Eg ville vera frisk for mine born. Ville ha helse til å fungere i jobb, blant vener, til å reise og oppdage. Å trivast i livet og å ha ein kropp som fungerte vart viktigare enn tida eg sprang på 10-kilometeren, eller korleis eg presterte på jobb. Eg kunne framleis gremmast over valken på magen eller hoftene mine som var for breie. Men det betydde ikkje så mykje. Kroppen var ikkje lengre eit livsprosjekt, ei eit verdibarometer.

Etterpåklokskapen

Eg spurde den døande om livet som var. Livet som snart ikkje var lengre. Kva minnast han då han såg tilbake? Var det noko han ville gjort annleis? Han sa han burde ha bekymra seg mindre, at han burde ha tillata seg å nyte litt meir. Han såg seg tilbake for mange gonger. Vurderte, grubla. Kasta vekk tid på unødvendige ting. Ting som ikkje eigentleg var viktige.

Men kva var eigentleg riktig for deg den gongen du stod ovanfor dei vala du i dag tenkte du skulle handtert annleis?

Du gjorde dine val den gong, reflektert og nøye vurdert, eller ei. Men det var det valet du gjorde. Og det skal du ikkje klandre seg sjølv for. Etterpåklokskapen kjem fyrst etterpå. Moralismens peikefinger mot ditt gamle eg er ingen tent med. Vi må erfara sjølv, og læra av våre eigne feil.

Gårsdagens erfaring kan likevel hjelpe meg i dag, ved at det får meg til å stoppe opp og tenkje etter – er eg nøgd med livet mitt, slik det er no? Kva er eigentleg viktig for meg, og kva ynskjer eg å bruka tida mi på? Føler eg på harmoni, ein indre ro – eller kan eg gjere noko annleis, velje å gå ein annan veg, om eg står i eit vegkryss kor fleire retningar er synlege for meg?

Det at mormor sa ho burde ha skamma seg litt mindre som ung hjalp ikkje min skam noko særleg då ho sa det. Dette var noko ho kunne seie nettopp fordi ho hadde erfart, levd og lært. Men då tida var moden kunne hennar erfaringar hjelpe meg til å reflektere over mine verdiar og kva som var viktig i mitt liv. Ein må kjenne etter, og prøva å leva i tråd meg eigne behov og ynskjer – men vi skal aldri klandre oss sjølv for å ha gått oss vill, eller i feil retning.

Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?
6. mai 2024
Digitalt
Digital pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.