Å sjekke inn som menneske

Artikkel

Tekst: Marianne Clementine Håheim
Foto: Paal Audestad

Det kan ta tid å introdusere Ingeborg Senneset, for ho har mange roller og er engasjert på mange frontar. Blant anna er ho journalist, forfattar, foredragshaldar og utdanna sjukepleiar.

I 2017 kom boka Anorektisk, som gjennom dagbok-notatar og blogginnlegg gir eit innblikk i Senneset si lange historie med anoreksi og tvangslidingar, og skildrar korleis ho opplevde åra som pasient i psykiatrien. Bak seg har ho blant anna tre år som inneliggande pasient i sjukehus.

I dag er Ingeborg Senneset ein ressursperson som blir spurt om å gi sine perspektiv på alt frå psykiatri til vaksinar. Ho har også vore ei stemme for betre behandling av rusavhengige, og fleire gonger trekt parallellar mellom anoreksi og ruslidingar, blant anna i eit portrettintervju med =Oslo i 2017.

Eg ringer henne for å snakke om avhengigheit, temaet for denne utgåva av ROSinfo.

Ordet «avhengigheit» gir fort assosiasjonar til skadeleg avhengigheit av for eksempel rusmidlar, men kan bety og omfatte mykje meir. Kva rolle har avhengigheit spelt i ditt liv?

– Som dei fleste andre, trudde eg som yngre at avhengigheit gjaldt dei vi kalla «narkomane». Heldigvis har vi kome dithen at vi ikkje lenger automatisk snakkar med nedlatande språk som knyter det så sterkt til kriminalitet. No snakkar vi heller om rusavhengige og rusbrukarar.

– Sjølv har eg kjent kor tilfeldig det var at eg hamna akkurat i anoreksi. Eg sleit mykje som barn, og eksperimenterte med former for sjølvskading i eit forsøk på å lindre det vonde eg bar på. Så las eg heilt tilfeldig ei bok som blant anna skildra ei jente som hadde anoreksi, og i mitt hovud verka det kjempelurt – ein måte å skade seg på som var heilt usynleg. Det vart jo synleg til sist, men ikkje før mange år etterpå. Eg utvikla ei avhengigheit til spiseforstyrringa, til å bruke mat og svolt for å halde meg stabil. Eg brukte ustabilitet for å handtere ein annan ustabilitet.

Tenkjer du at mat eller fråvær av mat kan fungere som rusmiddel?

– Samanlikninga mellom spiseforstyrringar og rus-lidingar er god når det gjeld utgangspunktet, men ikkje lenger så god når ein begynner å sjå på konsekvensane. Det er heilt andre sosiale og økonomiske utfordringar viss du brukar rusmidlar. Det kan vere utruleg dyrt å ha bulimi eller overspisingsliding, for eksempel, men det er ikkje samanliknbart med å bli involvert i kriminelle miljø. Det er ulike sjukdommar på mange måtar. At det som er din rus, er tilgjengeleg på nærbutikken, er ikkje nødvendigvis ein fordel. Du kan aldri fjerne deg frå eit matmiljø, som du i ein annan grad kan frå eit rusmiljø. Du må lære deg å leve med riktig dose. Og så går det jo i periodar. Ein er ikkje dømt til å vere elendig resten av livet.

– Det som har vore viktig for meg, er først og fremst å bryte ned den heilt misforståtte pidestallen som anoreksi står på. Eg har oppfatta det som at anoreksi står øvst på ei slags rangering av sjukdommar, og at ein tenkjer at den som har anoreksi, liksom har mest kontroll. Så kjem dei med «mindre kontroll», som personar med bulimi og overspisingsliding, og så rus under der igjen. Rusbruk har jo til og med blitt sett på som kriminelt. Eg har lyst til at dei skilja skal brytast ned. Det som skil ein med anoreksi frå dei andre, er at den med anoreksi har to problem samtidig – ei undervekt og ei psykisk liding.

Kva kan vi gjere for å bryte ned dei skilja?

– Vi må bruke openheit. Så må vi bli flinkare til å bruke varierte illustrasjonsbilete når vi skriv om sjukdommane. Dei færraste med spiseforstyrringar er tynne; dei aller fleste ser heilt vanlege ut. Det må vi vise fram. Vidare må vi jobbe med haldningar, og snakke om avhengigheitslidingar på andre måtar. Når ein treng ei handling, eit rusmiddel eller eit næringsmiddel for å stabilisere psyken sin, gløyme eller fjerne smerte, så har ein eit problem. Ein må sjå på sjølve problemet i staden for å hakke laus på det eine symptomet personen har.

– Mange vekslar også mellom symptom, for eksempel mellom bulimi og alkohol eller anoreksi og overspising. Det er vanskeleg med diagnosar, for på den eine sida er dei inngangsbilletten til behandling og økonomisk støtte. På den andre sida er dei som ei stengt dør når det gjeld å finne fram til eigen identitet utan diagnosen.

– Viss du ikkje finn ein identitet utover mat og vekt, så er det vanskeleg å kome ut av sjukdommen. Det er difor det er så fortvilande når folk seier at ein må ta vare på seg sjølv. For å kunne gjere det, må ein også ta vare på verda og andre menneske. Eg kan gå gjennom ein dag og vere nøgd med det eg har gjort, helst ovanfor andre, men det er ein framand tanke å skulle setje seg åleine på ein benk for å finne min eigenverdi.

I tidlegare intervju har du omtala spiseforstyrringa som ein venn i nauda. Kva relasjon har du til denne vennen i dag?

– Då eg var som sjukast, var det meir som eit ekteskap. Eg levde veldig tett på sjukdommen, og hadde vanskeleg for å lausrive meg. Prosessen med å bli betre var som ei langsam skilsmisse.

– Sjukdommen er framleis eksen min, og mykje av meg er forma av han. Han er ein sånn eks som stadig oppsøker deg og ringer midt på natta. Eg er nok veldig heimsøkt av min eks. Eg kan ha periodar kor eg er ustabil, og ikkje har så mykje sosial kontakt som eg gjerne skulle ønske, fordi det er så mykje støy frå sjukdommen. Den støyen må eg måke unna for å klare å gjere dei tinga eg vil gjere, og vere den arbeidstakaren og vennen eg vil vere. Eg synest ikkje alltid at eg lukkast med det. Det er nok i overkant kritisk, men mi eiga stemme seier at sjukdommen framleis tek for stor plass. Eg skulle verkeleg ønske at eksen ikkje ringte meg konstant, for eg er lei av stemma hans.

– Eg har ikkje lyst til å gifte meg igjen, men eg prøver og feilar veldig mykje.

– Etter at coronapandemien kom, kunne eg ikkje vakne om morgonen og skunde meg til jobb i Akersgata lenger. No skal eg berre vere heime på heimekontoret. Eg har 100 % jobb, og det er travelt i avisa, men det er framleis isolasjon. Då eg var sjuk – då eg ønskte å vere sjuk – valte eg isolasjon heile tida. Isolasjon var og er ein anorektikar sin beste og dermed verste venn, og difor er det ei veldig ulempe for meg i dag. Det trur eg gjeld uavhengig av kva ein slit med, om det er spiseforstyrringar eller alkoholisme, for eksempel. Det å sjekke inn hos andre andlet til andlet minner deg om at du er nokon i verda. Du er ikkje berre deg sjølv, det er nokon som kjem imot deg og smiler. Dei tinga gjer at du bygger eit anna sjølvbilete og blir distrahert frå tankane om deg sjølv.

– Det er så sunt å treffe andre, til og med folk du irriterer deg over, for då sjekkar du inn som menneske. Det er ein fantastisk ting å gjere, og det er det ingen av oss som kan lenger. FaceTime er ikkje det same. Sjølv om du ser ein annan person på ein skjerm, er det framleis todimensjonalt, som Finn Skårderud nyleg skreiv i Aftenposten.

– I starten ramla det litt utfor for min del, og eg måtte ta grep. Eg fekk god hjelp av ei venninne. Ho sa til meg: «I morgon kl. 8.30 står eg utanfor hos deg, og så går vi tur». No går eg til jobb om morgonen. Eg snur jo og går heim att, men det er likevel ein tur før arbeidsdagen begynner, som gjer at eg har litt same rutinar som elles. Då minner eg kroppen om korleis eg elles ville ha levd dagen min. Ho har også laga ein Youtube-video med tips til korleis ein kan ivareta psyken sin i desse dagar. Eg anbefaler alle å sjå videoen på Linnéa Myhre sin YouTube-kanal.

Kva av tipsa følgjer du, anna enn å gå tur?

– Eg prøver på alle og feilar på alle, og så prøver eg på nytt. Eg har jobba hardt med å bli mykje snillare med meg sjølv. Det å tilgje og le av meg sjølv når eg feilar, i staden for å straffe meg sjølv ytterlegare, føler eg er det friskaste ved meg.

– Viss eg ikkje får til ein ting, prøver eg no å tilgje meg sjølv og tenkje at i morgon er ein ny dag. Noko av det friskaste ein kan gjere, er å vere mot seg sjølv som ein er mot andre. Det er ingen andre i verda eg ville kravd at skulle hoppe over eit måltid, for eksempel – det er jo ein vanvitig ting å gjere.

– Eg kan bli stressa når folk spør om eg er frisk i dag, for eg går jo på ein måte rundt og «faker» frisk, men eg prøver å vere meir avslappa og seie – nei, eg er jo ikkje det, men eg gjer mange friske ting og har fokus på det. Eg meiner det ikkje handlar så mykje om kva du er, men om kva du gjer.

Synest du det er unødvendig å spør om nokon har blitt friske?

– Det er jo eit naturleg og ofte velmeint spørsmål å stille, men eg trur nok ikkje at det er eit veldig givande spørsmål å få svar på i mitt tilfelle. Kva er eigentleg frisk? Det blir ein stor filosofisk diskusjon, og eg føler ikkje eigentleg at det er til nokon nytte. Om du svarer ja eller nei, seier det framleis ikkje noko om deg som menneske. Det seier ingenting om du er glad eller trist, eller om du føler at du har suksess. Det seier berre noko om kor mange punkt i diagnosemanualen du oppfyller. Du kan heller spørje vedkommande om dei føler at dei har meiningsfylte dagar. Det er ein mykje meir verdifull ting å vite, i alle fall i mi bok.

Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?
6. mai 2024
Digitalt
Digital pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.