Vil du ha radgjevingssamtalar med terapihund?

Aktuelt

Perioden desember 2024–februar 2025 ved ROS Senter Vestland.

Eg heiter Marianne Clementine Håheim, er 37 år og jobbar som fagansvarleg for kommunikasjon i ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. Eg har også opplæring som rådgjevar. Av utdanning er eg tekstforfattar og adjunkt, og eg har eigenerfaring med spiseforstyrringar.

Hunden min heiter Hugo og er seks år. Han er ein mellomstor blandingshund som er veldig sosial og kontaktsøkande.

Hugo og eg har vore godkjent terapihundekvipasje sidan 2023. No tek vi vidareutdanning hos Norske Terapihundskolen, og skal ha spesialpraksis i perioden desember 2024–februar 2025. Spesialpraksis er knytt til eit prosjektarbeid, kor eg skal samle inn data og skrive ei oppgåve basert på praksistimane. Eg søker difor personar som kan tenkje seg å kome til rådgjevingssamtaler med hund i denne perioden.

Dyreassistert terapi kan ha mange positive effektar på både fysisk og psykisk helse, blant anna ved å redusere stress, gi lågare blodtrykk og puls, auke sjølvtillit, auke positiv sosial interaksjonsevne og gjere det lettare å tolerere og regulere vanskelege tankar og kjensler.

Slik vil samtalane gå føre seg:

  • Første samtale set vi av til å bli kjent og avklare forventingar. Vi avtaler tidspunkt per mail.
  • Vi set av 45 minutt til samtalen, men det er ikkje sikkert Hugo kjem til å vere i arbeid heile denne tida.
  • Vi vil ha samtalane på fast samtalerom ved ROS Vestland i Strandgaten 6, 6. etasje.
  • Som føraren til Hugo må eg alltid vere til stades saman med han.
  • Under samtalen vil samhandlinga mellom deg og Hugo stå i fokus. Mitt hovudansvar er å sjå til at Hugo sin tryggleik og velferd blir ivaretatt.
  • Etter samtalen skriv eg ein anonymisert logg til støtte for eiga læring og komande samtaler. Loggen vil bli destruert ved slutten av praksisperioden.

Interesserte kan kontakte Marianne på [email protected]/926 15 757 for ytterligere informasjon og/eller avtale samtale.

Flere nyheter

Vi ønsker dine tilbakemeldinger!
Nettbasert selvmedfølelseskurs viser lovende resultater for personer med spiseforstyrrelsessymptomer.
Er du mellom 17 og 24 år? Bor du i Bergensområdet? Bli med i vårt ungdomsråd!
Tidligere hentet NORSPIS inn samtykke, nå må du reservere deg om du ikke vil være med.

NESTE AKTIVITETER

3. februar 2026
Stavanger
Gruppe: For pårørende (lukket)
4. februar 2026
Oslo
Åpen pårørendegruppe
5. februar 2026
Bergen
Åpen pårørendegruppe
23. februar 2026
Bergen
Mindre selvkritikk, mer ro

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.