Manilahallen

Artikkel

Bokanmeldelse av «Manilahallen», skrevet av Ruth Lillegraven

Tekst: Marianne Clementine Håheim

«Manilahallen» er biografien om Birgit – ei heilt ekte, heilt vanleg og heilt spesiell kvinne. I diktform følgjer vi henne frå fødselen i 1946 og fram til ho er nærare 70 år. Gjennom 231 sider og eit biletrikt, lyrisk språk blir vi kjent med mennesket Birgit gjennom opp- og nedturar. Det førstefødde gledesbarnet, ho med dei raude maurane i blodet som kan gjere henne så ilskande sint. Eit viltert barn, eventyrlysten og rampete i møte med dei vaksne sine reglar og forbod. Korleis kunne ho ende opp som innlagt med anoreksi på Modum Bad?

birgit er gæern
birgit er spik
spenna gæern

Då ho er tolv år, blir Birgit utsett for overfallsvaldtekt av to framande menn. Ho står med gitaren på ryggen og ventar på bussen heim då dei går forbi, ser henne, tek henne. Ho fortel ikkje nokon kva som har skjedd.

heile vegen heim
skjelvebein, skjelvearmar
gitaren gitaren gitaren, og
pappa som vil bli så sint
pappa som aldri aldri
må få vite

det vonde er sådd
skuggen bak ryggen
er fødd

Skuggen bak ryggen følgjer henne gjennom livet. Han er der då Birgit som 18-åring giftar seg med Henrik, då ho held buketten framfor magen for å skjule livet som veks der. Han er der då ho giftar seg for andre gong, berande på eit tredje lite liv under kjolen. Etter dette siste barnet er fødd, begynner skuggen å vekse, gjer verda lita og trong.

kroppen min
den vesle kroppen min
no tek han for mykje
plass

må meislast inn til
det som verkjer

skuggen bak ryggen

Livet blir fylt med tvangstankar, angst og skam. Frykta for feittet er så stor at Birgit ikkje torer å smøre seg med fuktigheitskrem. Då ho blir lagt inn på sjukehus for første gong, tronar skuggen stor bak henne. Gjennom to sjukehusopphald opplever ho behandling som ingen burde oppleve, blir så desperat at ho skadar seg sjølv for å få sleppe unna. Det er opprivande lesing om eit menneske i oppløysing.

Birgit er 33 år då ho til slutt får plass på Modum Bad. Der møter ho Jens psykiater, sjefssjukepleiar Øyvind og medpasient Truls, menneske som vil henne vel og skjønar korleis dei skal snakke til henne. Der sit ho i Manilahallen med manilamøblane, «rommet med alle inngangar og alle utgangar» (Manila er forresten ein type gras). Der seier Jens psykiater at

bak alle dine
smil og ablegøyer
er du like sjuk som
dei andre her, elles
hadde du ete, elles
hadde du reist att
elles hadde du
ikkje vore her

Birgit er vaksen, ho er kone og mor, men ho er også redd, overvelda og kjenner seg verdilaus. Framleis fortel ho ingen om valdtekta den vinteren, hendinga som på mange måtar har ført henne hit. Birgit vil ikkje snakke. Ho vil heller gøyme seg og omsette smerta si til noko fysisk.

for kvart skrap
stig smerta i leggen
et i seg den andre smerta

for to slike er det ikkje
plass til

Ein kveld reiser Birgit frå Modum for å kaste seg framfor toget. Ho vil stilne det altfor store hjartet, det som ikkje kan vere «i denne kroppen i denne redsla i denne huda», men slik blir det heldigvis ikkje. Ho blir henta tilbake, og får tid og hjelp til å romme hjartet sitt. Etter eit halvt år på Modum reiser ho heim til borna. Ho kjenner seg ikkje klar, men lar seg lokke av tanken på «den vide vakre verda». Gjennom heile boka kjem ei smittande livslyst til uttrykk, trass i nokre veldig tunge parti. Særleg opplever Birgit natur og kultur med ei begeistring som fyller meg som lesar med glede.

alt piplar og
pip, og lyser og
lyser, for sjølv i det
mørkaste mørkret er
sola der, kapsla inn
i maurtuene og dei
samankropne
barnålene

Birgit er frisk og ikkje frisk. Ho fyller livet med musikk og kunst, teater og litteratur. Til trass for skuggen er ho «glødande eldraud», særleg når ho dansar natta gjennom på Club 7.

Så møter ho han, den store kjærleiken. Han har den beste handa ho har kjent, og ho held den handa gjennom både vondt og godt i åra som kjem. Gamle familiemedlemmer forlèt verda, medan nye kjem til. Birgit blir mormor til sju. Ryggen, hoftene og auga begynner å gjere vondt, men framleis kan ho vere full av fryd, framleis kan ho stå ute i regnet og strekkje armane mot himmelen.

og eg fyller
lungene med lyn
og toreskrell, for her
finst ikkje gråt og tåre
her finst ikkje smerter
eller sorg

Etter kvart får Birgit diagnosen Sjøgrens syndrom, ein kronisk, revmatisk sjukdom. Kroppen er til plage av heilt andre grunnar no – stadig oftare må ho avgrense seg på grunn av smerter og ubehag.

men ti tusende
gonger heller kroppen
i flammer enn hjartet
i oske

Boka sluttar hos ei Birgit på snart 70 år, ei kvinne som har fortalt livshistoria si til forfattar og venninne Ruth Lillegraven, og som ser tilbake først og fremst med takksemd. «Dette er mitt liv».

«Manilahallen» er ei heilt spesiell bok. Det kjennest som eit privilegium å få eit slikt nært og ekte innblikk i livet til ein annan person. Det gir meg lyst til å spørje meir, få vite meir, i møte med andre.

Biografien om Birgit er rik og sanseleg, Ruth Lillegraven sine språklege bilete gjer at ein nærmast kan smake og lukte innhaldet. Boka gir ei påminning om nyansane og kompleksiteten som eksisterer i eit menneskeliv, og korleis oppturar og nedturar saman formar oss. Birgit har hatt anoreksi, slik som eg sjølv, men det er berre ein del av den intrikate veven som er livet hennar.

Eg vil anbefale «Manilahallen» på det varmaste, men åtvare om at det kan vere ganske vondt å lese om dei verste stundene i Birgit sitt liv. Då kan det heldigvis vere til trøyst å lese teksten Berit Bjerke har skrive til  ROSinfo, ta ein kikk på den smilande, flotte kvinna på biletet, og vite at dét er den verkelege Birgit. Henne har eg vore så heldig å få bli kjent med, og ho lever livet som få andre eg kjenner.





Flere artikler

Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.
I første halvår av 2023 fikk over 500 norske barn (over 12 år) utskrevet slankesprøyter.

NESTE AKTIVITETER

20. april 2024
Tyrkia
Sterkere sammen (fulltegnet)
22. april 2024
Tromsø
Introduksjon i mindfulness: Finn roen med ROS
2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.