Jeg lever i tiden, jeg forventer effektivitet

Artikkel

Tekst: Cathrine Nitter

Det er ein tysdag ettermiddag i august. Lyset er dempa. Eg og 14 andre barbeinte kvinner sit fordelt på matter utover i eit kaldt rom. Veggen er dekka av eit stort spegel. Framfor oss sit ei ung kvinne. Det er fem minuttar til timen startar, så vi sit alle i stillheit. Bak meg sit to kvinner som byrjar å prate seg i mellom. Ho eine er tydeleg oppkava og stressa. Det er fyste gong ho er med på yoga, fortel ho venninna si. Ho har høyrd at dette skal gi ho avspenning – noko som kunne vore fint i hennar stressande kvardag. Ho har så mykje å gjere på jobben seier ho, at det har byrja å gå utover andre arena i livet. Timen som følgjer er prega av uttøying i alle moglege stillingar- meir ubehageleg enn behageleg. Eg kjenner eg gler meg til siste delen, savasana – som er avspenningsdelen. Eg vert dog skuffa då det viser seg at denne delen berre så vidt har fått tildelt eit minutt. Eg tenkjer på kvinna bak meg, som så sårt trengte å roe ned.

Å krevja effektivitet

I ein artikkel i Aftenposten frå 2014 står det følgjande: «med yoga vender du blikket innover, som en kontrast til det ytrestyrte livet. For noen handler det om en spirituell søken, men for de fleste er det trening som bidrar til fysisk og mental styrke». Ja, for yoga har rykte på seg for å vera avkoplande og stressreduserande. Men i den kommersielle treningsbransjen handlar ofte yoga meir om fysisk styrke og uttøying enn om å finna den mentale roen. Eg trur ikkje yogainsruktørar har misforstått. Dei fleste eg har gått til har vore svært flinke. Men når Ola Nordmann ikkje ynskjer å setja av tid til å roe ned, kopla av, avspenne, føyer treningsbransjen seg. Ein ynskjer naturleg nok å tilby treningsformer som kunden vil ha. Dette reknestykket er enkelt.

Sjølv er eg ein av dei effektive – eg jobbar fort, går fort, dusjar fort og ryddar fort. Eg likar å vera effektiv, og har gjerne mange gjeremål i løpet av dagen. Vi lev i eit samfunn kor det å multitaske og å jobbe raskt er favoriserte eigenskapar. Det er blitt litt slik at når vi gjer noko skal vi ha mykje igjen for det – vi har ikkje mykje tid til overs, og den tida vi har sett av skal gi resultat. Den skal kjennast på kroppen. Ein sit på spinningssykkelen med faglitteratur og eksamensoppgåver framfor seg. Middagen vert inntatt medan ein går kappgang mellom jobb og trening, før kveldsmaten vert inntatt på veg inn i dusjen. Ein gler seg til kveld, til fred og ro, men når kvelden kjem er det dokumentarar ein må ha med seg, og eit uferdig strikkeprosjekt ein må halda fram med, før ein må laste opp eit bilete på instagram som skal visualisere denne fredelege stunda med stearinlys, strikkepinnar og tekopp – når ein eigentleg berre hadde hatt eit ønske om å leggja seg flat utover sofaen, med litt enklare underhaldning på TV-skjermen. God samvit kjem fyrst når ein har sveitta hardt og lenge, tøyd og bøyd skikkeleg eller når ein har løfta så tunge vekter at ein får problema med å sjamponere håret etterpå.

Effektivitetens bakside

Kjærasten min har fleire gonger påpeika at «grunntempoet» mitt er hurtig, noko som ofte gjenspeglar seg i at eg stressar mykje, og fort bekymrar meg. Dette er det nok veldig mange som kjenner seg att i. Eg har for lengst byrja å skjøne at å vera effektiv ikkje berre er ein bra ting. Ein kan verta utålmodig og få problem når stillheita kjem – når ein har fritid utan ein konkret plan.

Dessutan er det slik at det å heile tida skule vera effektiv, kan resultere i det heilt motsette – ein vert ineffektiv. Hjerneforskar Thomas Z. Ramsøy fortel i lederne.no at multitasking utelukkande fører til stress, som på sikt kan gjere deg mindre effektiv og gjere det problematisk å verkeleg fokusere. Hjernen vår er best på å konsentrere seg om ein ting av gongen. Når du hyppig skal veksla mellom fleire oppgåver samtidig, risikerer du at resultatet vert betydeleg lågare enn om du fokuserte på ein og ein ting. Særleg i vår digitale verd, kor sosiale media og internett kan verte forstyrrande element og gi oss konsentrasjonsproblem. Menneske som multitasker mykje vert ofte dårlegare til det enn menneske som multitasker lite – nettopp fordi sistnemnte er betre på å konsentrere seg på den spesifikke oppgåva, utan at hjernen vandrar vidare til neste gjeremål, lenge før du er ferdig.

Konklusjonen vert då at å fokusere på dagens gjeremål medan du står i dusjen om morgonen eller å høyre nyhender og lese SMS medan du svarer ein mail, etter all sannsyn berre vil medføre at du vert meir stressa og mindre tilfreds enn om du klarte å vera meir i nuet og rette fokus mot ein og ein ting.

Kor lever vi?

Så korleis kan ein finne roen og kopla av i eit samfunn som stimulerer til det motsette? Må vi alltid ha så mykje tilbake for tida vi legg ned? Det er ikkje alltid så lett å finne ein balanse. Stadig fleire arena krev dessutan at vi er effektive og raske. Eit eksempel på dette er arbeidsplassar kor omsorg og medmenneske skal stå i fokus, kor loggføring, journalskriving og dokumentering i mange høve kjem i frøste rekke – fordi det stillast strengare krav om det. Eit anna eksempel er måleinstrument som pulsklokker, aktivitetsarmband og det utal appar som skal hjelpe til med å effektivisere treninga – det målbare vert eit mål i seg sjølv, og ikkje sjølve gleda ved det ein held på med.

Eg har tatt meg sjølv i det, når eg ligg på yogamatta under savasanadelen, kor avspenning og nærvær står sentralt – livets gjeremål poppar opp i hovudet mitt, og flyttar fokuset ut av yogarommet igjen. Ein lurar seg sjølv litt, for kva får vi igjen for denne produktiviteten, denne proppfulle tidsplanen? Kven lev ein for, og kor? Lev ein for andre, og i framtida – eller for seg sjølv i notid? Det er litt til ettertanke at det som i utgangspunktet skulle stimulere til å senka skuldrene, roe pusten og flytte fokuset «tilbake» til nuet, blir noko som skal effektiviserast. Igjen seier det ikkje noko om treningsbransjen og alle engasjerte, flinke yogainstruktørar (eller andre instruktørar for øvre) –  meir om samfunnet vårt og at vi er i ferd med å bevega oss i ein noko feil retning.

Eg trur mange av oss- inkludert meg sjølv – hadde hatt godt av å trene på å vera meir tilstade her og no – ikkje om ein time, neste dag eller neste veke.

Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?
6. mai 2024
Digitalt
Digital pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.