Endeleg nokon andre å tenkje på

Artikkel

07.01.2021

Tekst: Kristin Roset




Oppveksten min heime på Sandane i Nordfjord var fin. Eg var ei aktiv jente der friidrett og langrenn stod i fokus. Støtta frå mor og far var upåklageleg, treningsmiljøet var inkluderande, så valet stod eigentleg berre om å velje kva idrett eg ville satse på. Det fall på friidrett då eg kom inn på landslaget for «unge og lovande» som 18-åring. Då skjedde det noko.

Då sjukdomen inntok livet mitt

Eg var på besøk i Oslo og skulle ta min første oksygenopptakstest. Dette var heilt nytt for meg, men sidan eg hadde vunne gull på 400 meter i Junior-NM nokre månadar før, hadde både eg og idrettslærarane mine store forventningar. Det gjekk dårleg.

Vekta sa fem kilo meir enn månadane før, og testen gjekk ikkje bra. Beskjeden var: «Skal du vinne NM neste år må du begynne å trene meir, Kristin.» Eg la to og to saman, og begynte eit slanke- og treningsregime med ein gong. Det blei starten på eit 13 år langt spiseforstyrra mareritt.

Friidrettsåra framover blei prega av opp- og nedturar. Ja, eg sprang inn til tre NM-gull på 800-meter, og deltok i Europameisterskapet på 1500-meter. Prestasjonar eg framleis kan tenkje på med gode minne. Desse åra kallar eg likevel for «Frisk nok til gull», for sannheita var at eg levde på ein balansegang der kosthald, vekt og trening «akkurat» gjekk «opp i opp».

Dette sa derimot kroppen ifrå om ved at eg fekk beinskjørheit med fleire brot. Heile «visa» enda med at eg måtte legge friidrettskarriera på hylla i ein alder av 26 år. Åra etter blei heller ikkje noko betre. Eg blei berre sjukare og sjukare. Noko eg i ettertid tenkjer var eit slags resultat av bitterheit og sinne, og med ein sjukdom som tok heilt og fullt over.

Anoreksien fortalde meg nøyaktig korleis eg skulle gjennomføre kvardagen frå eg vakna om morgonen til eg la meg. Den sjuke stemma styrte livet mitt til eg var 31 år. Det siste eg tenkte på i løpet av dei verste åra var å bli mamma. Eg hadde jo ikkje mensen, og sex var ikkje akkurat favorittaktiviteten min. Helsa var altfor dårleg til det. Østrogennivået var lik null.

Snuoperasjonen

Men så fekk eg hjelp. Den rette hjelpa – etter utallege mislykka forsøk. Dama eg møtte på eit lite kontor på Ullevål «smatt» rett inn i hjartet mitt. Ho visste nøyaktig kva knapp ho skulle trykke på – iallfall for meg.

«Dama mi» og eg samarbeidde ilag i to år, men etter berre åtte månadar fekk eg mensen tilbake. Det enda med at eg blei gravid på første forsøk med den gang ektemannen min. Eg fekk sjokk. Var det verkeleg mogleg? Dessverre mista eg i 11. veke. Det var tøft, men i ettertid har eg tenkt at det var kroppen som sa ifrå. Den var ikkje klar for eit svangerskap så tidleg etter alt som hadde skjedd i livet mitt.

Så gjekk åra med skilsmisse, og ein ny kvardag som blei friskare og friskare takka være den gode hjelpa eg fekk. Det skal også seiast at eg fekk hjelp medisinsk i tillegg, gjennom Zoloft. Det var gull verd. For då eg møtte far til mine to barn var eg endeleg «den gode gamle Kristin». Det enda med at Noah kom eitt år etter vårt første møte. To år etter kom Erle.

Om svangerskapa

Då eg blei gravid med Noah heldt eg eit ganske høgt aktivitetsnivå. Kroppen takla graviditeten over all forventning, og eg treivst svært godt med ein større og større mage. Fødselen var ei anna sak. Den blei lang og hard og med ei avslutning der ein infeksjon gjorde meg svært dårleg berre nokre minutt etter at guten var komen til verda.  Det var ei tøff påkjenning, kor eg enno kan hugse at eg sveva mellom liv og død. Iallfall kjendest det slik der og då.

Tida etter inntok eg barsellivet. Amming fekk eg ikkje til, så Noah blei flaskegut raskt. Dette tok eg ikkje så tungt då eg såg at han blei mett og fornøgd. Kroppen fann seg sjølv att overraskande tidleg etter fødsel, og eg var i gang med treninga etter 4-6 veker.

Det andre svangerskapet blei ei anna historia. Eg var mykje dårlegare, der smerter i bekkenet og kraftige kynnarar i magen gjorde det vanskeleg å trene etter fire månadar. Eg blei innlagd på sjukehuset eit par gonger fordi dei var redde for ein for tidleg fødsel, og det blei teke prøver opp og ned i mente. Det var også deprimerande å ikkje få trene slik eg gjorde med Noah i magen. Hovudet ville, men kroppen ville ikkje. På slutten gjekk eg inn ein tung psykisk periode, og ville berre bli ferdig med svangerskapet så fort som mogleg.

Erle kom til verda på julaftan i rekordfart, og jenta viste allereie frå bursdagen sin at ho er ei robust jente. Sterk, og med ein imponerande tilstadeværelse. For min del fortsette kroppen å jobbe imot meg etter fødselen. Bekkenet var framleis svært vondt, og treninga måtte vente mykje lenger enn med førstemann. Heldigvis var eg blitt så sterk i hovudet at eg likevel klarte å kose meg med barna, og få i meg nok mat. Spiseforstyrringa heldt seg på avstand, og det er eg sjeleglad for i dag. For vi veit alle at i tunge periodar kan «gamle synder» dukke opp att. Eg kan vel takke gode støttepersonar rundt meg, og at eg framleis gjekk på medisin. Sistnemnte gjer eg den dag i dag, og no har det gått ti år. Eg trur eg må fortsette til eg blir «gammal og grå». Dette er eg ikkje skjemd av i det heile tatt – kvifor slutte på noko som faktisk fungerer.

Fullstendig endring

Å bli mamma har endra livet mitt fullstendig. Frå å bli styrt av ein frykteleg sjukdom som gjer deg meir eller mindre «egoistisk», til å måtte ta vare på to som er heilt avhengig av at du fungerer og er der, er ei stor gåve. Eg er likevel glad for at eg var såpass frisk som eg var då eg gjekk inn i svangerskapa med Noah og Erle. I dag er dei to aktive barn som krev merksemd og ei mor som er stabil i humør og sinn. Eg kjenner meg veldig heldig som fekk hjelp for ti år sidan, og at kroppen klarte å gå frå eit anorektisk vrak til å bli ei fungerande og glad mamma. Det er ikkje sjølvsagt å få oppleve når ein har lidd av denne sjukdomen. Eg set enormt stor pris på gåvene eg har fått. Ja, at eg klarte å endre livet mitt.

Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?
6. mai 2024
Digitalt
Digital pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.