Ein stad kor vi høyrer heime

Artikkel

Tekst: Marianne Clementine Håheim

Mi historie med spiseforstyrringar starta med kjærleik og slutta med kjærleik – nærare bestemt ei håplaus forelsking i eine enden, og eit forhold som rauk i andre enden. Derimellom tenkte eg mykje på kva kjærleiken burde vere og burde kunne gjere.

Problema mine starta med eit ønske om å bli sett av ein spesiell person. Eg var 13 år, han var eldre, vi jobba tilfeldigvis på same stad ein sommar. Tanken om å endre på kroppen min for å bli likt, kom fort til meg. I dag forstår eg at det å tru at ein må endre seg for å bli verd merksemd eller kjærleik, er ein tanke som botnar i låg sjølvkjensle, men slikt var eg ikkje klar over den gongen. Eg trudde det var normalt å sette i gang kroppsendringsprosjekt for å oppnå nokon sin gunst. Eg hadde jo sett alle dei amerikanske high school-filmane kor jenta sin drastiske make-over fører til at ho endeleg får kjærast!

Slankeprosjektet vart til ei spiseforstyrring som fort tok overhand, og gjorde at eg heilt gløymte han som hadde vore så viktig i byrjinga. Mange år med anoreksi og bulimi følgde. Eg hadde låge tankar om meg sjølv, og var alltid på leiting etter noko å forbetre. Kropp, vekt, identitet og verdi hang i mitt hovud uløyseleg saman. Den perfekte kroppen og den perfekte kjærleiken skulle følgje av kvarandre og vere grunnar til kvarandre. Kvar gong det ikkje gjekk min veg i kjærleikslivet, forklarte eg det med at eg var for tjukk/stygg/feil.

Ein person som berre vil bli glad i ein dersom ein har ei viss vekt eller ein viss utsjånad, høyrest ikkje ut som min type fyr i dag, men det er ein annan diskusjon.

Eg var i fleire forhold i løpet av dei åra eg var sjuk. Det er ikkje lett å kombinere ei spiseforstyrring og ein relasjon. Eg hadde eit umetteleg behov for stadfesting, samtidig som eg sjeldan ville akseptere eller tru på komplementa partnaren gav meg. Det var vanskeleg å ete saman, fordi eg skamma meg sånn. Det var vanskeleg å bli heilt nær, fordi sjukdommen alltid var der mellom oss, som ein barriere. Eg ville så gjerne bli sett, omfamna og trøysta, men torde ikkje å opne meg, i frykt for kva konsekvensane kunne bli.

I mitt første langvarige forhold, tidleg i tjueåra, låg eg rutinemessig i senga og gret ved sidan av kjærasten min etter at han hadde sovna. Eg kjente meg mykje einsam, både med og utan kjærast. Eg trudde det var fordi eg ikkje hadde funne den rette. Mi tru på kva den riktige kjærleiken ville kunne urette, var enorm. Eg lengta etter ein kjærleik som skulle gjere meg heil, og gjere meg frisk. Som skulle fylle meg opp, og gi meg meining i livet. Eg trudde den riktige kjærleiken kunne gjere det eg ikkje sjølv klarte. Kvar den trua kom frå, veit eg ikkje. Kanskje frå Disney-filmar, kanskje frå boyband-balladar, kanskje frå eit inderleg håp om at det fanst ei ytre løysing på problema mine.

Vi stiller store krav til kjærleiken, for vi har jo høyrt at han kan overvinne alt. Under arrangementet «Hva vi snakker om når vi snakker om: Kjærlighet» på Litteraturhuset i Bergen, prøvde filosofane Monica Roland og Espen Gamlund saman med litteraturvitar Christian Refsum å finne ut av kjærleikens vesen. Eg kan kjenne meg igjen i ein av Roland sine analysar: «Vi forsøker å realisere oss sjølve gjennom den romantiske kjærleiken. Vi skal vere så lukkelege; så perfekte heile tida».

Viss kjærleiken blir nok ein stad kor ein skal prestere, og parforholdet nok ein fasade ein skal oppretthalde, kan ein fort ta ein dårleg periode som eit nederlag. Då har ein kanskje feil forventningar. Slik hadde eg det sjølv i mange år – viss parforholdet vart vanskeleg, tolka eg det som at heile relasjonen var feil. Eg trudde det var meininga at det skulle vere enkelt å leve saman med den rette. Dei umogelege ideala mine har vore kjelde til mange skuffelsar og mykje sorg. Både den perfekte kroppen og den perfekte kjærleiken viste seg å vere illusjonar. Jobben har vore å akseptere at det var ideala som var feil, ikkje verkelegheita.

Eg skjønte til sist at det var eg sjølv som måtte gjere jobben med å bli frisk. Etter over 10 år med spiseforstyrringar, begynte eg langsamt å leite etter og forme ein frisk identitet. Forholdet eg hadde vore i, tok slutt i prosessen. Å vere i ein relasjon kor den eine er sjuk og den andre frisk, gjer noko med dynamikken, og vi tolte ikkje endringa. Som frisk trengte eg ikkje eks-kjærasten min på same måte som tidlegare. Det skapte eit hol i forholdet som vi ikkje klarte å lappe saman att.

Han som er sambuaren min i dag, er den einaste kjærasten eg har hatt som frisk. Det er annleis, og det er godt. Det betyr ikkje at kvar dag er ein dans på roser, men det betyr at vi kan klare å kome heilt nærme, viss vi prøver.

På Litteraturhuset refererte Christian Refsum til filosof Simon May, som har definert kjærleik slik: Kjærleik er det som gir oss håp om at det finst ein stad kor vi høyrer heime. Det er ein definisjon eg likar. Viss kjærleiken er som ein heim, kjem han ikkje alltid til å vere i perfekt orden, og vi kjem ikkje alltid til å vere heilt fornøgde med han, men han kjem alltid til å kjennest trygg, og til å romme oss.





Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?
6. mai 2024
Digitalt
Digital pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.