Ein kalorifri artikkel om fedme

Artikkel

Heilt fri for spirulina og lågglykemisk indeks.

Tekst: Cathrine Nitter

Fedme er meir enn feitt, kalorioverskot og latskap.

Det handlar ikkje om dårleg moral eller manglande intelligens. Vi må slutte å berre snakke om livsstil, samfunnskostnader og høgare avgifter på sukkerholdige drikker. Vi må også snakke om menneska, og kva som skapar livskvalitet og fleire år med god helse. Eg ynskjer at framtidas Ola og Kari veks opp i eit samfunn kor antal kilo ikkje fortel noko om kva verdi du har, kor intelligent du er, og korvidt du lev moralsk riktig eller ikkje.

«Eg åt fordi eg var stor. Fordi eg ønska å bli tynnare. Jo feitare eg følte meg, jo meir åt eg. Det er absurd og ulogisk når eg no sier det høgt, men slik var det altså. For meg blei mat ein meistringsstrategi – ein logisk ein. Når eg åt – mykje – døyva eg det vonde. Iallfall for ei lita stund. Etterpå kom skammen. Så djup og inderleg at eg bestemte meg for å slutte å ete».

For mange er mat ein meistringsstrategi – ein måte å meistre vanskelege tankar og kjensler på. Medan nokon kastar opp eller sveltar seg, er det andre som overspis. Det er og mange som strevar med ein kombinasjon av desse og kan eksempelvis oppleve periodar med ekstrem slanking etterfulgt av periodar med overspisning.

Forsking peikar på at 20 – 30 % av menneske med BMI over 27 og at rundt 40 % av menneske med fedme kan passe kriteria for overspisingsliding. Vi har altså tal som fortel oss at ein stor andel av menneske med overvekt/fedme misbrukar mat for å døyve vonde og vanskelege kjensler – mat er blitt ein logisk meistringsstrategi med – i mange høve – sjukeleg overvekt som konsekvens.

Overspisningsliding har heldigvis fått meir merksemd dei seinare åra. Men, vi har framleis langt igjen å gå for å kome dit hen at lidinga er akseptert på lik linje med anoreksi og bulimi, og kome dit hen at vi har eit behandlingsapparat med nok kompetanse og tilbod til å møte denne gruppa.

Når dette er sagt trur eg vi også må snakka om «dei andre» som slit med sjukeleg overvekt og fedme – som ikkje har ei spiseforstyrring. Kva med overvektige Nikolas på 15 år som er litt slapp, litt opprørsk og som berre vil ha fastfood og Urge –  som aldri vil ha fisken eller grønsakene som serverast til middag? Kva skal me seie til han? Foreldre, besteforeldre og andre vaksne ynskjer at Nikolas skal «ta seg saman», og ete litt «sunnare» – men korleis kan dei få dette til utan å stimulere til negativ åtferd eller negative tankar rundt kropp, mat og vekt?

Det er framleis slik at store delar av behandlings-apparatet og det førebyggjande arbeidet retta mot overvekt og fedme sentrerer seg rundt det målbare. Vekt og BMI vert måla for om du får brev i posten frå helsesyster, eller om livsstilsendringsbehandlinga var vellukka eller ikkje. Det finst også en del av dei sjølvutnemnde ekspertane som meiner at kroppspress er bra for oss, i ei verd kor stadig fleire blir tyngre.

Men er det slik at vi treng litt kroppspress for å motivere folk til å slanke seg? Og bør vi verkeleg telje og måle på den måten som vi gjer i dag? Om tynn, rigid og overfokusert på kropp, mat og vekt var svaret på spørsmålet om god helse og livskvalitet kunne dette vore gjeldande. Men det er det ikkje. Det finst nok av eksempel som kan motbevise denne hypotesen. På ei anna side finst det nok av kommersielle eksempel som ynskjer at me skal ha nettopp denne oppfatninga – for kva sel vel betre enn lovnaden om eit slankare liv, når vi til stadigheit får presentert bileta av slanke og veltrente Kari og Ola som vellukka og lukkeleg?

«Kroppspress» kan trigga eit ønske om vektnedgang, eller ønske om å bli litt tynnare. Men fungerer det? Å mislike eigen kropp, og tru dårleg om seg sjølv kan være faktorar som stimulerer til ein uheldig måte å ivareta kroppen sin på – anten ein set i gang med ambisiøse slankeprosjekt, eller at ein tar fullstendig avstand frå «sunn» livsstil fordi ein ikkje meistrar. Dette finst det ein del forsking på. Det finst også forsking som visar at slanking kan stimulere både overvekt og spiseforstyrringar – nettopp fordi slanking ofte inneberer ein rigid måte å leve på, som i seg sjølv kan trigge overopptattheit av mat, kropp og vekt samt gi næring til destruktive tankar. Rigiditet og mange levereglar er dessutan sjeldan oppskrifta på eit lukkeleg liv.

Førebyggjing burde ikkje rette seg mot slanking eller utelukkande vektnedgang. Allereie eksisterande fedme er vanskeleg å behandle. I så måte burde vi rette fokus mot andre ting – som å redusere betydninga av kropp, bli bevisst eigne kjensler, ønsker og behov samt etablere gode rutinar i kvardagen. God helse, for min del, handlar om å kunne rette blikket utover – ikkje heile tida vera prega av kroppstanken, eller bruka store delar av dagen på å bekymra seg over mat og kropp.

Vi må stimulere til å finne verdi i andre ting. Slanking kan generere overvekt. Å stimulere barn og unge så vel som den vaksne delen av befolkning til å leggje all eigenverdi i tal, vekt, kaloriar, kropp og utsjånad er å springe fort i feil retning.

Flere artikler

Dårlig selvfølelse skapte grobunn for at Sondre utviklet megareksi. Nå bruker han sine erfaringer for å hjelpe andre.
Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.

NESTE AKTIVITETER

2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Bergen
Temakveld: Hva er overspising?
6. mai 2024
Digitalt
Digital pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.