Det som gjer oss i ROS oppgitt, er det snevre verdsbilete og manglande forståinga for at fedme ikkje berre er eit livsstilsproblem eller eit resultat av latskap. Fedme er ei utfordring av fleire grunnar:

  • Det er svært vanskeleg å gå ned i vekt og bli der. Forsking peiker på at vektprogram fungerer – heilt til dei er over: Så går pasienten opp igjen.
  • Samanhengen mellom overvekt/fedme og negativt kroppsbilete er for mange er stor, viser forsking. Negativt kroppsbilete og låg sjølvkjensle kan henge saman med at vi ikkje lukkast når vi prøver å gå ned i vekt. Mange med fedme har brukt halve livet sitt på å slanke seg, og plagast dagleg av tanken om at dei ikkje meistrar.

20-30 prosent av den norske overvektige (KMI 27 og oppover) befolkninga kan passe innunder diagnostiske kriteria for «patologisk overspisning», eller «tvangsspising». Førekomsten aukar parallelt med auka KMI. Det vil seie at ein stor andel av overvekt/fedme skuldas psykiske tilstander, at dei kan passe innunder ein spiseforstyrrelsesdiagnose.

Trass i at ein så stor andel overvektige slit med overspising, er det ifølgje undersøkingar berre fire prosent av dei med sjukeleg overvekt som er registrert med ei spiseforstyrring. Det kan tyde på at moglege tilfelle av spiseforstyrringar ikkje blir fanga opp i helsesystemet, verken av behandlar eller av dei som sjølv er berørt.

Ser vi på behandling for spiseforstyrringar, er diagnosane anoreksi og bulimi godt representert. Har du overvekt/fedme, finst det poliklinikkar du kan henvisast til med sikte på vektreduksjon. Problemet er at om problemet er overspising, vil det hjelpe lite å berre slanke seg. Då treng ein også å få bukt med kvifor overspisninga skjer, og ein treng hjelp og rettleiing på å «tillata» seg å ete normalt og regelmessig. Ein treng å forstå matens funksjon, ikkje berre matens kaloriinnhold.

Som andre formar for spiseforstyrringar handlar overspising ofte om låg sjølvkjensle samt at tankar rundt kropp, mat og vekt tar så stor plass at det forringer livskvaliteten. Då hjelper det lite å fokusere endå meir på nettopp dette.

Mange vi har prata med, opplever mykje skam knytta til overspisingsproblemet sitt. Mange rapporterer også om at dei ikkje bli tatt på alvor når dei oppsøker hjelp, nettopp fordi det er så enkelt å sjå overvekten og ikkje spiseforstyrringa. Tiltaka angrip overspising som symptom, men tar ikkje tak i dei underliggjande årsakene. «Ikkje-slankande» tiltak for å få ein meir helsemessig livsstil samt fremjing av eigenverd og sjølvkjensle har vist seg å ha positiv verknad på fleire, utan at ein nødvendigvis går ned i vekt.

Vår oppfordring til helsevesenet er at overvekt for svært mange ikkje berre kan kurerast ved vektnedgang. I ROS møter vi svært mange som har prøvd å gå ned i vekt meir enn halve livet sitt. Og tru oss – dette er ikkje menneske som ikkje veit korleis dei går ned i vekt. Dei kan som regelen svært mykje om akkurat det, men dei manglar verktøy til å få det til.