Å finna den gode balansen

Artikkel

Tekst: Cathrine Nitter

Kor går eigentleg grensa mellom helse og uhelse, sunnheit og overdriven sunnheit? Kan det som var meint å vera bra for oss bli det motsette? Kvifor har mange av oss ein tendens til å utvikle ein «ekstrem» åtferd når vi innerst inne ikkje har det så bra?

Det er mange måtar å dempe ein indre uro på- nokon gir ein meir umiddelbar og kortsiktig verknad, medan andre fungerer på lengre sikt.

Alle har kjent på den gode kjensla vi får når vi gjer noko vi verkeleg likar, og som gjerne har ein beroligande effekt på oss. For min del kan dette vera å ta seg eit glas vin etter ei travel arbeidsveke, å springa meg ein god tur når det er sol ute, laga og ete god mat eller liggja i armkroken til kjærasten min ein laurdagskveld, ete godteri og sjå ein film. Slike hendingar er med på å krydre kvardagen min. Det er hendingar som ikkje er ekstraordinære på nokon måte- men dei gir eit avbrekk frå kvardagens faste plikter og rutinar. Slikt «kvardagskrydder» kan vera eksempel på ein slags «god rus» (som i grunnen ikkje er rus om vi ser på definisjonen av rus, men likevel…) – den du gler deg til fordi det tilfører litt «luksus» i ein kvardag som i periodar kan vera litt einsidig for dei fleste av oss. Denne «rusen» kan gi oss kjensla av stovebyte, pause og avkopling, og kan dessutan vera ei særs viktig investering for vår psykiske velvære.

Så og seie det meste av det vi driv med kan verte uheldig og destruktivt om vi gjer for mykje av det. Eg elskar å springa lange turar innimellom, men hadde eg kjend eit behov for å springe 15km kvar dag hadde ikkje dette lengre vore helsefremjande for min del- fordi det aldri har vore naturleg for meg å trene så mykje. Og hadde behovet for vin vore noko eg hadde kjend på kvar dag, hadde det ikkje lengre vore ein positiv avkopling, for min del. Det er mange gråsoner her, og balansen mellom positiv og destruktiv kan vera hårfin. Det som kan vera destruktivt for nokon, treng ikkje vera det for andre. Eit viktig skilje er kva som motiverer deg til å utøve den bestemte åtferda- er det fordi du skal kose deg og fylle opp energikontoen, eller er det fordi du har behov for å flykte frå vanskelege tankar og kjensler?

Er det livet ditt for øvre som styrer treninga, eller er det treninga som styrer livet? Er det livet ditt for øvre som styrer maten, eller er det maten som styrer livet?

Kva skjer når behovet for pause og avkopling til stadigheit melder seg, når vi ofte følar for å flykte frå vår eigen verkelegheit? Korleis handterer vi vanskelege kjensler og tankar? Eit rasjonelt svar på dette er at vi vil søkje etter måtar å få det betre på. Kva kan eg gjere for å føla meg betre? Det byrja som regelen alltid med eit beskjeden ønske om å gjere noko godt for seg sjølv- ein måte å meistre nokre vonde kjensler på.

I denne samanhengen har eg lyst å snakke litt om helse. For kva er eigentleg god helse? Når eg er ute og har undervisning for ungdommar så spør eg dei ofte om kva dei tenkjer på når dei høyrer orda «god helse». Ikkje overraskande får eg svar som «sunn mat», «trening», «sunn livsstil» og liknande. Ein utfordring i dagens samfunn er at vi ofte reduserer helseomgrepet ned til å dreie seg om «sunn mat» og «riktig trening», eller at det vert ein slags utopi- kor berre perfeksjon er godt nok. God helse er difor vorten vanskeleg for mange av oss.

For meg handlar god helse om måtehald i forhold til kosthald og trening (variert kost, regelmessige måltid og regelmessig fysisk aktivitet/trening), eit velfungerande helseapparat (når vi har somatiske eller psykiske plagar og lidingar treng vi ofte behandling, så behandlingsapparatet er ein viktig del av folks helse) og- viktigast av alt- å kjenne seg verdifull, oppleve å meistra dei tinga som er viktig for ein, samt å ha menneske rundt seg som gjer ein godt. Om eg kjenner meg grunnleggjande verdifull og opplev å meistra ting som er viktig for meg vil eg vera mykje meir utrusta til å takla livet og dei utfordringar det fører med seg. Har eg i tillegg gode relasjonar i livet mitt- folk eg kan prata med, få støtte av, som gir meg kjensla av tryggleik og som eg kan le saman med- så vil eg seie at eg har det ganske bra. Vi er sosiale vesen, og den djupe, indre gleda skapar vi difor saman med andre. Trening og kosthald er ein liten del av eit stort bilete, og for å få det betre med seg sjølv er det ofte fleire arena det kan vera gunstig å jobbe med.

Helse er subjektivt, og kva samansetning den enkelte treng må ein sjølv kjenne på og finne ut av. Men, helse kan ikkje berre dyrkast utanfrå og inn, den må også byggjast innanfrå og ut. Du kan ikkje søka lukka etter å jakte på det perfekte liv. Du vil mest sannsynleg aldri oppnå det, og på vegen vil du etter all sannsyn verte rigid og mindre lukkeleg en du elles ville vore.

Bruk heller tid på menneske og aktivitetar som gir deg energi. Kva er det du likar å gjere? Kven i livet ditt er fine å prata med? Er det noko du treng meir/mindre av? Det kan også vera lurt å spørja seg sjølv følgjande; kva er motivasjonen for det eg driv med? Kor kjem behovet for det gitte åtferda frå? Er åtferda noko du gjer for å få ei positiv avkopling, noko som gir positiv energi? Eller er det noko du følar du må eller bør gjere,  noko du gjer for å få bukt med noko vanskeleg- ein flukt eller pause frå ei vanskeleg verkelegheit? Når det som i utgangspunktet skulle vera positivt «kvardagskrydder» vert noko ein «må», «skal» eller «bør» kan dette vera eit teikn på at noko har gått for langt- ein slags «quick fix», ei midlertidig løysing, for dei vonde tankane og kjenslene – årsaka til kvifor ein søkte denne meistringa, vil koma tilbake om vi ikkje jobbar med våre indre tankar og kjensler også.

Flere artikler

Vi kan bruke masse energi på å hjelpe barn, men det hjelper jo ikke hvis de ikke opplever samme språket og kommunikasjonen hjemme.
Forsking på spiseforstyrringar og psykisk helse må begynne å interessere seg meir for motkrafta i mennesket, meiner Kjersti. Korleis blir vi sterke i oss sjølve,
En sykehusinnleggelse på grunn av en virusinfeksjon ble vendepunktet for Leif-Erik Sørensen da han var syk med spiseforstyrrelse.
I første halvår av 2023 fikk over 500 norske barn (over 12 år) utskrevet slankesprøyter.

NESTE AKTIVITETER

20. april 2024
Tyrkia
Sterkere sammen (fulltegnet)
22. april 2024
Tromsø
Introduksjon i mindfulness: Finn roen med ROS
2. mai 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
6. mai 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.