Negativt kroppssnakk

Artikkel

Tekst: Cathrine Nitter. Illustrasjon: istockphoto/ROS

«Ser eg tjukk ut i denne kjolen?», «eg kan ikkje ha på meg denne buksa – rumpa mi ser diger ut», «eg burde ikkje ete dette kakestykket», «eg har sånn gravidmage i dag», «føler eg har lagt på meg i det siste». Kjenner du deg igjen? Eg må sjølv krype til korset å seie at dette var daglegdagse kommentarar som kom ut av munnen min då eg var yngre. Diverre er eg ikkje åleine. Negativt kroppssnakk er for mange blitt ein del av den daglegdagse kvardagsdiskursen.

Ein skribent i Washington post skreiv følgjande innlegg i 2011; «Åh, kvinner, kvifor tillet vi oss å spele denne dumme leiken? Som mor til ei tenåringsdotter har eg vorten meir og meir klar over kor mykje eg snakkar negativt om kropp saman med venninnene mine. Eg har prøvd å slutte – det er verkeleg bortkasta med tid, og eg går føre med eit dårleg, kanskje til og med skadeleg, eksempel for dotter mi»  (referert til i Engelin- Maddox, Salk & Miller, 2012).

«Fat talk», eller negativt kroppssnakk er når ein snakkar negativt om eigen vekt, kropp og/eller fasong. Hyppigheita av negativt kroppssnakk blant jenter/kvinner har vist seg å ha samanheng med grad av kroppsleg misnøye og forstyrra spiseåtferd, i følgje Engelin-Maddox, Salk & Miller (2012). Menneske som har negative tankar om eigen kropp snakkar oftare om nettopp dette til andre.

Negativt kroppssnakk er ein uting. Uansett korleis ein snur og vender på det, sit ein ikkje igjen me noko fornuftig etter å ha slenge ut ein destruktiv kommentar knytt til eigen kropp. For det fyrste set du tema (atter ein gong) på dagsorden og overfører eit negativt kroppsfokus til den eller dei som høyrer på. Det som gjerne skjer då, er at mottakaren får negative tankar om eigen kropp. Nokon vil prelle det av seg nokre minuttar seinare, mens det for andre vil vera ein negativ trigger. Kor mykje vedkommande vert påverka vil avhenge av kor tilfreds/utilfreds ein er ovanfor eigen kropp i utgangspunktet, og kor mykje eigenverdi ein legg i kroppens utsjånad.

Kor kjem negativt kroppssnakk frå?

Vi snakkar gjerne negativt om eigen kropp for å få ei slags avkrefting på at vi er overvektig, eller større enn vi frykter. Slik sett kan den som snakkar negativt om eigen kropp, oppleve eller tenkje at denne «avkreftinga» er ein positiv bekreftelse – ein snakkar negativt for å få «positiv» feedback som avkreftar det ein frykter. Negativt kroppssnakk reflekterer ikkje berre kroppsleg misnøye hos den det gjeld. Det er ikkje nødvendigvis slik at den som kommenterer negativt om eigen kropp er misnøgd, men slik snakking vil kunne fungere som ein oppretthaldande faktor med tanke på kroppsleg misnøye hos andre. Vidare er ein stor oppretthaldande faktor i henhold til negativt kroppssnakk at kvinners utilfredsheit med eigen kropp nærast er vorten ei norm – det fortel ikkje nødvendigvis noko om korleis kvinna faktisk tenkjer om eigen kropp, meir om korleis ho burde tenkje (Engelin- Maddox, Salk & Miller, 2012). Om dette er tilfelle, er det truleg mange som deltek i negativt kroppssnakk fordi det er noko som «forventast» – noko ein burde gjere for å passe inn, og bli akseptert.

Kven vert vi mest påverka av?

Det er heilt klart at massemedia, metta med usunne bodskap omkring kropp og skjønnheit, kan vera ein negativ påverknasfaktor når det gjeld korleis vi snakkar og tenkjer om eigen kropp. Men, kor mykje vi påverkast av massemedia vil ha samanheng med faktorar som eksempelvis sjølvkjensle (kor trygge vi er i oss sjølv, og kva verdi vi opplev å ha som menneske) samt korleis vener og familie tenkjer og snakkar om eigen og andre sine kroppar.

Familien kan spela ei formativ rolle med tanke på kropp og utvikling av kroppsbilete. Tankar, haldningar og åtferd ein er vaksen opp med knytt til kropp, mat og vekt kan påverka barnets framtidige tankar og haldningar knytt til desse tema. Foreldre kan påverke både direkte og indirekte- direkte gjennom å kommentere barnets vekt, utsjånad og matinntak, eller indirekte gjennom måten ein sjølv opptrer i forhold til kropp, mat og vekt- eksempelvis vil mor eller far som går på diett, eller som snakkar mykje om kva som er riktig og ikkje i forhold til eksempelvis mat og trening, kunne påverke barnets oppfatning rundt kva som er «rett» og «galt».

Vener spelar også ei formativ rolle i denne samanhengen, og då kanskje særleg i tenåra. Har ein vener som legg mykje verdi i kroppens utsjånad, og som snakkar mykje om kropp, kan dette påverka negativt.

Kropp og identitet

Ungdomar og unge vaksne legg typisk meir eigenverd i kroppens fysiske utsjånad, jenter/kvinner i større grad enn gutar/menn. Forsking antydar at dette kan henge saman med kjønnsroller og kjønnsidentitet. Jenter/kvinner er i større grad enn gutar/menn utsett for sjølvobjektivisering (kvinnekroppen vert i større grad seksualisert og objektivisert i samfunnet vårt), og dei får hyppigare kommentarar knytt til utsjånaden- både positive og negative. Får ein hyppige kommentarar på utsjånad, kan dette medføre at ein lærast opp til å tolke den fysiske utsjånaden som heilt vesentleg for eins eigenverd.

Å ha fokus på kroppens funksjonar har vist seg å kunne fungere som ein beskyttande faktor mot negativt kroppsbilete, og fremje kroppstilfredsheit blant jenter og gutar. Tenåringsgutar baserer typisk meir eigenverd i kroppens eigenskapar, noko som kan henge saman med at dei hyppigare får kommentarar, både positive og negative, knytt til kroppslege eigenskapar som at ein er god i fotball, er rask, sterk, svak, treig, sprek og så vidare.

I samfunnet vårt ser vi at kjønnsroller og kroppsideal nærmar seg kvarandre, og det er ikkje nødvendigvis dei store skilnadene på kjønna lengre, mad tanke på kropp. Barn veks opp i ei verd kor dei sosialiserst til å tolke og forstå kroppens utsjånad som ein viktig verdi i livet, og då kan alle kommentarar knytt til utsjånad verke negativt- sjølv om det ei fint meint.

«Less fat talk, more fun talk»

Konklusjonen vert då, som Sylvia Blood oppfordrar til i boka si «Body works»; «Less fat talk, more fun talk». Slutt å snakk om kroppens utsjånad- uansett om det er positivt eller negativt. Ein må sjølvsagt kunne seie til folk at dei ser fin ut, men ikkje la fleirparten av positive kommentarar vera knytt til korleis dei ser ut. Fokuser heller på kroppslege funksjonar som kva kroppen klarar og får til, og kor heldig dei fleste av oss er som har ein kropp som fungerer. Ein kan også generelt sett prøve å fokuser på andre ting enn kropp- det er tross alt mykje anna vi kan snakke om.

Flere artikler

I første halvår av 2023 fikk over 500 norske barn (over 12 år) utskrevet slankesprøyter.
I podcastepisoden «Gjennom livet – med spiseforstyrrelsen på slep» møter vi Kristin. Kristin har slitt med spiseforstyrrelser fra hun var 13 år, og det skulle
Fra et samtalerom ved ROS Senter i Vestland klinger det lyse toner. Gjennom høsten har våre brukere vært så heldige å kunne få møte Åshild.

NESTE AKTIVITETER

4. april 2024
Bergen
Åpen pårørendegruppe
8. april 2024
Oslo
Åpen pårørendegruppe
8. april 2024
Trondheim
Kurs: Yoga, meditasjon, avspenning & inspirasjon
10. april 2024
Bergen
Temakveld: Spiseforstyrrelser, smerteuttrykk ved overgrep (fulltegnet)

ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser er et lavterskeltilbud og en interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat og kropp – for de som har eller har hatt en spiseforstyrrelse, og for deres pårørende.

Vi bruker Cookies for å forbedre brukeropplevelsen av sidene. Les mer om personvern & cookies her.